Kvifor stemme MDG – appell foran lokalvalet 2023

Utsikt over øyene i Giske kommune
Fotocredit: A.Godø
Du veit det, du ser det.  Det er noko som ikkje er som det skal.  Det er regn, det er tørke, det er storm.  Avlinger svikter.  Ikkje akkurat her, ikkje akkurat no.  Men nær.  Og det blir ikkje bedre.  Vi må bremse det.  Og tilpasse oss.  Vi gløymer ikkje naturen heller.  Det blir stadig mindre av den.  Her og overalt.  Mindre plass til dyra.  Insekta.  Fiskane.  Dei er alle under press.

 

Men kva kan du gjere med det?  Fint lite.  Kjøre mindre bil, ta mindre fly, ha det litt kaldare heime, kjøpe litt færre ting, sette ut mat til fuglane, la hagen vekse for innsekta.  Men sjølvpålagte begrensinger blir ganske slitsomt, ensomt og demotiverende i lengda.  Det er sant som det er sagt; Kvar av oss gjer ingen forskjell i det store bildet.

 

Så kva kan du gjere?

 

Ein stor og viktig ting, faktisk.  Eit steg mot samfunnsendring som nytter.  Ved å støtte ein politikk som gjer ein forskjell.  Som vil justere samfunnet slik at kvar av oss enkelt gjer sin del.  Delvis ved å gjere det lett og behagelig å vere miljøvennlig.  Delvis ved å sette rammene for oss alle.

 

Den muligheiten får du på mandag.
Til å gjere det rette.
Uten å måtte anstrenge deg.
Gi stemma di til Giske MDG!

 

Dette er eit lokalvalg.  Dei store grepa kjem ikkje her.  Men dei små og viktige gjer.  Det er her vi former vår eigen infrastruktur.  Det er kanskje det viktigaste, med rett infrastruktur gjer vi det lett for oss sjølve.  Og naturen er her, i Giske.  Det er vi som kan ta vare på den.  Eller bruke den opp.  MDG håper å få ein representant i kommunestyret.  1 av 23 representantar, som kan snakke på vegne av naturen.  Og for at innbyggerane skal få muligheten til å gjere sitt, samtidig som dei lever godt og ikkje treng gjere store offer.  1 av 23 nytter.  Kommunestyret lytter.

 

Du har sannsynligvis ikkje sett deg inn i detaljane om kva kvart av partia i kommunen foreslår.  Elevane på ungdomsskulen har det.  Dei har gått gjennom og diskutert alle programma.  Og det er MDG som kjem best ut.  La det ikkje vere ein hemmelighet; Det er aktivitetsbussen dei fell for først.  Bussen som får dei raskt omtrent dit dei vil i kommunen.  Dei fell for friheten MDG-politikken gir dei.  For det enklare og bedre livet vi tilbyr.  Der andre parti lover å spørre fylket om meir pengar til buss, har vi allereie diskutert eit handfast og gjennomførbart alternativ med dei.  Would you like to know more?  Det står på nettsida vår.

 

Tilbake til dei store grepa.  Som ikkje skjer her.  Valget på mandag betyr noko i den samanhengen og.  Alle partia har gode intensjoner.  Men det er eit faktum at det er ein ting alle er opptatt av; stemmer.  Ei stemme til MDG er ei tydelig stemme for miljøet, for framtida.  Ingen er sjølvsagt mot dette, men MDG prioriterer det først.  Ei stemme til MDG i kommunevalget er også ei stemme for meir miljøvennlig politikk frå dei andre.  For MDG treng ikkje vere størst for å virke.  Treng berre vere store nok til å halde dei større på alerten.  Store nok til at dei justerer politikken sin for at du heller skal stemme på dei neste gong.  Store nok til å få dei til å gjennomføre det dei allereie veit at dei må.  Di stemme til MDG på mandag er eit bidrag til det.

 

Godt valg!

mvh Andreas Rørvik Godø
2.kandidat Giske MDG